Søk

Hausten på garden - Pianolærebok - Nynorsk

Produsent: Norsk Musikforlag
Tilgjengelighet: På lager
Varenummer: NO14851
249 kr
decrease increase

Description
Hausten på garden er ei pianobok for nybyrjarar i alderen 5 til 7 år, og har form som ei bildebok. Elevane lærer å spele piano ved å følgje boka sine mange forteljingar om karakterane Pling, Plong og pianolærar Ko-Ko.

«Vi ynskjer at denne boka skal gje mange fine musikkopplevingar. Boka består av samspelsarrangement, musikkteori, aktivitetar, musikkformidling gjennom forteljingar, og pianotekniske øvingar. Vi har lagt vekt på aktivitetar der eleven kan vere skapande gjennom komposisjon og improvisasjon. Boka har inga bestemt sjangerretning då vi ynskjer at eleven sitt første møte med piano skal vere ope og utforskande. Vi håpar at boka kan gje elevane ein smakebit på dei uendelege moglegheitene ein har som pianist. Repertoaret i boka er hovudsakleg arrangert av oss med unntak av bestillingsverka. For at samspel skal stå i sentrum, er alt repertoar arrangert for firhendig.

Gjennom observasjon i kulturskular, talentprogram og eigen undervisningspraksis har vi først og fremst prøvd å skreddersy ei bok som passar til ein kulturskulelærar sin hektiske kvardag. Tanken med boka er at den skal vere morosam å bruke i nybyrjaropplæringa, og passe til individuell- og gruppeundervisning»

Digitale ressursar: www.pianoarstidene.no

Læreboka er utgjeven på bokmål òg.

Produktspesifikasjoner
Fabrikat-ForlagNorsk Musikforlag
ProduktPiano
Komponist-ForfatterKlungresæter, Nora / Trinh, Susanne

Filters
Sort
display