In Dulci Jubilo (Jeg synger Julekvad) og Es Ist Ein Ros Entsprungen (Det hev ei rose sprungen), Per Olav Paulsen. Brass band
Tilgjengelighet: På lager
In Dulci Jubilo (Jeg synger Julekvad) og Es Ist Ein Ros Entsprungen (Det hev ei rose sprungen), Per Olav Paulsen. Brass band
IN DOLCI JUBILO (i Norge kjent som JEG SYNGER JULEKVAD)
Skrive av Michael Praetorius i 1607. Den er frå ei samling liturgisk bruksmusikk som vart til i perioden 1605-1610 under navnet "Musae Sioniae". Denne samlinga er veldig omfattende og inneheld messer, hymner og magnificatsatser.
I dette arrangementet har eg brukt ei solistgruppe (kornett, flygelhorn, horn og euphonium) i veksling med resten av korpset. Under framføring av stykket vil det være effektivt å ha denne solistgruppa i noko avstand frå korpset. På slutten har eg, i tillegg til Praetorius sin originale versjon, også lagt til koralen slik me kjenner han i dag i Bach si harmonisering.
Michael Praetorius var ein tysk komponist og musikkteoretiker som levde i perioden 1571 - 1621, altså i overgangen mellom renessansen og barokken. I perioden 1615-1619 skreiv han også "Syntagma musicum", - ei av dei viktigste teoretiske kjeldene for tyskp oppføringspraksis på denne tida.
ES IST EIN ROS ENTSPRUNGEN
Det hev ei rose sprungen er kanskje Praetorius sin mest kjende komposisjon. Den var i originalutgave skriven for 4-stemmig kor.
Per Olav Paulsen, Oktober 2022