In Dulci Jubilo (Jeg synger Julekvad), Per Olav Paulsen. Wind band
Tilgjengelighet: På lager
In Dulci Jubilo (Jeg synger Julekvad), Per Olav Paulsen. Janitsjar
IN DOLCI JUBILO (i Norge kjent som JEG SYNGER JULEKVAD)
Skrive av Michael Praetorius i 1607. Den er frå ei samling liturgisk bruksmusikk som vart til i perioden 1605-1610 under navnet "Musae Sioniae". Denne samlinga er veldig omfattende og inneheld messer, hymner og magnificatsatser.
I dette arrangementet har eg brukt ei solistgruppe (kornett, flygelhorn, horn og euphonium) i veksling med resten av korpset. Under framføring av stykket vil det være effektivt å ha denne solistgruppa i noko avstand frå korpset. På slutten har eg, i tillegg til Praetorius sin originale versjon, også lagt til koralen slik me kjenner han i dag i Bach si harmonisering.
Michael Praetorius var ein tysk komponist og musikkteoretiker som levde i perioden 1571 - 1621, altså i overgangen mellom renessansen og barokken. I perioden 1615-1619 skreiv han også "Syntagma musicum", - ei av dei viktigste teoretiske kjeldene for tyskp oppføringspraksis på denne tida.
Per Olav Paulsen, Oktober 2022