Introitus, Cantus e Finale, Per Olav Paulsen - Brass band *Revidert 2017
Tilgjengelighet: På lager
Introitus, Cantus e Finale, Per Olav Paulsen - Brass band er ein liten suite i tre satser.
- INTROITUS er ein kort sats med ein majestetisk, fanfarepega karakter. Denne går direkte over i sats nr 2 (attacca). Durata ca 00:35 min
- CANTUS bygger på ein tradisjonell melodi. Den har ein roleg og melodiøs karakter og inneheld solistiske partier for m.a. Euphonium, Flugelhorn og Solo-kornett. Durata ca 04:00 min
- FINALE er ein hurtig og rytmisk drivande sats med ein roleg, koral-aktiv mellomdel. Satsen danner eit naturleg punktum for suiten. Durata ca 04:15
Total durata ca 08:50
Introitus, Cantus e Finale vart skriven på bestilling til Høylandsbygd Musikkorps sitt 25-års jubileum i 1994, men er revidert våren 2017.