Søk

Taktstokk LWB Vienna, Hvitoljet Balsatre, Korkhåndtak

Taktstokk LWB Vienna, Hvitoljet Balsatre, Kork
Tilgjengelighet: På lager
Varenummer: LWB001
990 kr
decrease increase

Light Wood Baton
Modell Vienna

ein superlett pinne med god balanse og merkbar luftmotstand.

Handlaga dirigentpinnar med fokus på

låg vekt -  3,5-7,5 gram
 god balanse overgang pinne/skaft
 godt grep - kork

LWB er eit produkt frå Aadland Form & Funksjon. AaFf produserer og leverer handlaga dirigentpinnar av lette tresortar som balanserer naturleg rundt overgangen mellom pinne og kork.

EIGENSKAPAR
Det mest spesielle med desse pinnane er den følte luftmotstanden dei gir på grunn av eit større volum/areal. Andre superlette pinnar er ofte tynnare og mister dermed noko av denne kvaliteten.

HISTORIE
Forløparen til LWB var eit forsøk på å kopiere ein balsapinne på oppfordring frå dirigent Eivind Gullberg Jensen i 2012. Dette var balsapinnar kjøpt av ein lokal produsent i Wien. Den mest populære modellen til LWB i dag, Vienna+, liknar mykje på desse fyrste pinnane i vekt, form og fasong, men er vidareutvikla for å bli slankare, stivare og meir slitesterke.

ULIKE MODELLAR
LWB kan leverast i lengder frå omlag 25 til 40cm. Storleik på kork varierer litt etter total lengd på pinne. Korte pinnar krev smalare og/eller kortare handtak enn lange pinnar for å balansere ved overgangen.

Materialar brukt i LWB:

BALSA
Skaftet er av balsatre, importert frå plantasje i Ecuador. Balsa er eit superlett treslag med eigenvekt rundt 150kg/m3. Dette er omlag 1/4 av vekta til bjørk og lønn(maple). Trass i låg vekt er balsa eit stivt treslag som gir lette og stive pinnar. På grunn av den lette vekta er pinnar av balsa litt meir utsette for skadar. Dei må oppbevarast og handterast med litt meir kjærleik enn meir tradisjonelle pinnar.

KORK
Handtaket er laga av kork frå korkeik. Kork gjev god kontakt med pinnen sjølv med fuktige hender. Korken som vert nytta er frå champagneflasker, som har kork av beste kvalitet.

MYREIK
Som ei forsterking i overgang mellom kork og pinne har LWB ei lita hylse av kraftigare treslag. Dette gjer handtaket stivare der korken vert tynnare mot skaftet. Det gjer også handtaket mindre utsett for slitasje der korken er tynnast mot pinnen.
Valet av myreik som materiale er mest av estetiske grunnar, men og fordi det er eit stivt treslag.  Eika som vert nytta har lege i myr omlag 6000 år og på denne måten fått ein naturleg mørk farge av elde utan oksygen. Eika er funnen i Alvær kommune nord for Bergen.
 
Produktspesifikasjoner
Fabrikat-ForlagLight Weight Baton
ProduktTaktstokk
SerieVienna
Størrelse Omfang14 - 15 inch
FargeHvit
MaterialeBalsa, Kork, Myreik
Produktspesifikasjoner
Fabrikat-ForlagLight Weight Baton
ProduktTaktstokk
SerieVienna
Størrelse Omfang14 - 15 inch
FargeHvit
MaterialeBalsa, Kork, Myreik
Filters
Sort
display