Tussefløytelåter 1 og 2, Egil Storbekken. Tussefløyte/Sopranblokkfløyte
Tilgjengelighet: På lager
Tussefløytelåter 1 og 2, Egil Storbekken. For Tussefløyte og Blokkfløyte
For tussefløyte/blokkfløyte. 48 sider.
Innhold:
Fjelltrall
Stemning frå Steigjela
Godt humør
Fiskartrall
Ved Ø´vollen
Vetl-kutjønnlåten
Tusse-slåtten
Np fæ´dokk skynne på
Sumartrall
Kveldsvise
Ekkolåten
Spelmannsvalsen
Haust i fjellom
Optimisten
Maileken
Stemning
Valsen til mor
På attgrodde stier
Kveldstone
Kveldsæteslåtten
Kvile
Kos på bygdom
Vårleken
Nøkken
Vandringsvise
Dølguten
Rask på fotom
Melodi
Fjell-lengt
Avskjedstone
TUSSEFLØYTA
Blant dei eldste norske folkeinstrumenta våre høyrer bukkehornet, luren og seljefløyta. Luren og bukkehornet var opprinneleg ikkje instrument, men hjelpereiskapar i seterlivet. Med sin kraftige tone kunne ein både skremme rovdyr og samstundes lokke på buskapen. Etter kvart vart dei utvikla til brukbare instrument. Seljefløyta med sin vare naturtone var derimot brukt berre som instrument.
Trefløyta kom seinare (ca. 200 år gamal), og for første gong kom eit blåseinstrument med ei fast tonerekkje (skala), og det var eit stort framsteg. Trefløyta fekk etter kvart mange namn - tyskarfløyta, tyssefløyta og tussefløyta. Den første nemninga kom truleg av at den norske trefløyta opprinneleg var ei kopi av den tyske blokkfløyta. Etter kvart gjekk nemninga over til tussefløyta, og det heng saman med ein interssant tradisjon som er teikna ned om instrumentet (Universitetsbiblioteket i Bergen). Der heiter det at flinke fløytespelarar kunne lokke til seg skogens bevingede skapninger med tonane frå fløyta. Etter eldre tiders overtru meinte dei då at fløytetonane hadde trolske o magisk evne, og vart knytt til dei uderjordiske - til tussefolket. Eg har sjølv røynd mange gonger at tonane frå fløyta har verka in på fuglane i skogen, og eg har hatt mang ei fin oppleving saman med tusseføyta på mine vandringar i skog og fjell.
Egil Storbekken