Tussefløytelåter 3, Egil Storbekken. Tussefløyte/Sopranblokkfløyte
Tilgjengelighet: Bestillingsvare
Tussefløytelåter 3, Egil Storbekken. For Tussefløyte og Blokkfløyte
Description
For tussefløyte/blokkføyte. 40 sider.
Innhold:
Helsing frå Østerdalen
Vårnattstone
Trolldans
Soplimvalsen
Augustkveld
Fjellbekken
Fløytelåt
Helsing til Setesdal
Bruremarsj
Kaffeskvetten
Ved tyrielden
Fjellvandring
Tone frå fjellet
Saras vise
Lydarlåt
Sangen til fløyta
Morgentrall
Mårråsleken
Ekebergvalsen
Gammalbrua
Tusselåt
Ved jonsokleite
TUSSEFLØYTA
Blant dei eldste norske folkeinstrumenta våre høyrer bukkehornet, luren og seljefløyta. Luren og bukkehornet var opprinneleg ikkje instrument, men hjelpereiskapar i seterlivet. Med sin kraftige tone kunne ein både skremme rovdyr og samstundes lokke på buskapen. Etter kvart vart dei utvikla til brukbare instrument. Seljefløyta med sin vare naturtone var derimot brukt berre som instrument.
Trefløyta kom seinare (ca. 200 år gamal), og for første gong kom eit blåseinstrument med ei fast tonerekkje (skala), og det var eit stort framsteg. Trefløyta fekk etter kvart mange namn - tyskarfløyta, tyssefløyta og tussefløyta. Den første nemninga kom truleg av at den norske trefløyta opprinneleg var ei kopi av den tyske blokkfløyta. Etter kvart gjekk nemninga over til tussefløyta, og det heng saman med ein interssant tradisjon som er teikna ned om instrumentet (Universitetsbiblioteket i Bergen). Der heiter det at flinke fløytespelarar kunne lokke til seg skogens bevingede skapninger med tonane frå fløyta. Etter eldre tiders overtru meinte dei då at fløytetonane hadde trolske o magisk evne, og vart knytt til dei uderjordiske - til tussefolket. Eg har sjølv røynd mange gonger at tonane frå fløyta har verka in på fuglane i skogen, og eg har hatt mang ei fin oppleving saman med tusseføyta på mine vandringar i skog og fjell.
Egil Storbekken